Iselin Nybø, forsknings-og høyere utdanningsminister i 2018, tar en selfie med rektor Krumsvik
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) gratulerer og tek selfie med Kristiania-rektor Arne H. Krumsvik etter innsettingsseremonien hausten 2018. Foto: Privat

Min bakgrunn både som leiar og forskar har utvikling og omstilling som fellesnemnar. Eg tok rektor-oppdraget med ein periode som tidsperspektiv. Saman har vi gjort store endringar og vi oppnår særs gode resultat. No er det tid for ein ny rektor å ta neste etappe. Den vil handle om andre endringsprosessar enn dei vi no er i ferd med å fullføre.

På mange måtar er det eit privilegium som professor å kunne drive vekselbruk mellom fagleg verksemd og leiaroppgåver. Å gjere begge deler samtidig er ikkje så lett å få til i praksis. Men utfordringa med lange leiarperioder, er at ein kan verte fagleg akterutseilt. Sjølv om sabbaten som ventar etter utført leiaroppdrag kan vere både eitt og to år lang, har ein kanskje vore utanfor det faglege ordskiftet for lenge til å kunne hevde seg igjen.

Eg har møtt fleire faglege leiarar dei siste åra som gruer seg til å skulle gå tilbake til faget. Kanskje har ein gått gradene frå institutt til fakultet- og institusjonsnivå, og vore borte frå faget i alt for mange år. Nokon vel å heller be om ei administrativ stilling som retrett.

I Noreg sier lova at åremål berre skal nyttast i toppleiarstillingar, og nomalt skal eit åremål vere på seks år. Universitets- og høgskulesektoren har unntak frå hovudregelen, og kan la rektoarar, prorektorar og dekanar sitte i inntil to fireårsperioder. Instituttleiarar kan sitte i tre, altså totalt 12 år. Det har ikkje vore uvanleg at norske rektorar vel å ta to perioder. Men det er teikn i tida på at dette no er i endring.

Om vi ser over Atlanteren, er det utviklingstakten i sektoren som både endrar innhaldet i rektor-rolla og forventinga til kor lenge ein leiar skal stå i den. For femten år sidan vart ein typisk amerikansk rektor sittande i 8,5 år. Fem år seinare, i 2011, var den gjennomsnittlege rektor-lengden redusert til sju år. Og i 2017 ytterlegare redusert til 6,5 år. Kravet til endringstakt i norske institusjonar vil truleg også auke framover.

Personleg slår eg altså eit slag for vekselbruket. Eg hadde ulike leiarroller i mediebransjen i ti år, før eg starta på doktorgraden. Så var det professor-kvalifisering som sto for tur. Etter 5,5 år som akademisk leiar ved UiO og Kristiania, går eg tilbake til rolla som professor i medier og kommunikasjon. Kristiania er ingen dårleg stad å gjere dette på. Vi har landets største utdanningstilbod innan fagområdet.

Men først er eg så heldig å få eit opphald som Visiting Fellow ved The Reuters Institute for the Study of Journalism,  Department of Politics and International Relations, Green Templeton College, University of Oxford.

Om det dukkar opp eit nytt leiar-oppdrag seinare, får framtida vise. Men eg har tru på vekselbruket. Både for institusjonane som må endre seg raskare, og for professorane som må henge med fagleg.

Red.anm. Her kan du lese Krumsviks intervju med Khrono 
der han legger ballen om han vil opptre som en "lame duck" i tiden fremover helt død.

Kjelde:
American Council on Education (ACE): "The American College President 2017".