Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim inviterte til innspelsmøte (Foto: skjermdump fra video-møte)

Rektor Arne H. Krumsvik sitt innlegg på innspelsmøte om langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, som forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim inviterte til for region Aust (Oslo og Viken).

Kjære statsråd. Takk for at Kristiania vart invitert til å kome med innspel, og takk for at de legg opp ei så systematisk og god innspelsrunde. 

Vi har følgande kommentarar:

Eit viktig formål med å ha ein langtidsplan, er å gi forutsigbarheit innan viktige områder slik at norske fagmiljø effektivt kan bidra til eit betre samfunn, noko den eksisterande planen bidrar til når det gjeld forsking og høgare utdanning. Innovasjon vert også nemnt i langtidsplanen, men ikkje på ein så systematisk og gjennomgripande måte som forsking og høgare utdanning. Det håper vi blir endra i den reviderte utgåva, slik at vi kan få ein langtidsplan for forsking, høgare utdanning og innovasjon. Samtidig må innovasjon famne bredt og omfatte alle fagområder.

Min andre kommentar handlar om dei faga og næringsområda som langtidsplanen omfattar. Den inngår jo i eit økosystem av tilsvarande planer i Europa og resten av verda. Det kan vere nyttig å sjå på dei andre planane for å identifisere overlapp og hol i den norske planen. For eksempel ser vi at Horizon Europe på viktige områder har betre samsvar med norske fagmiljø og næringar enn vår eksisterande langtidsplan. Dette gjeld særleg kultur og kreativitet – eller heile kunstfeltet om du vil. Kultur og kreativitet er nemlig ein del av Horizon Europa sine tematiske områder, under overskrifta Globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv. Vi til tilrå at forsking, utdanning og innovasjon innan kunst og kultur, blir tatt inn i den reviderte langtidsplanen.

Min tredje kommentar går på impact gjennom utdanning. Forskinga skal gi innsikt som igjen skal føre til positive endringar. Nokon skal gjere desse endringane i åra som kjem. Over 300.000 av desse tek utdanning akkurat no, og kan potensielt involverast i forskingsområda som vert omtalt i langtidsplanen. Vi meiner at langtidsplanen bør adressere korleis utdanning kan gi forskinga større impact.

Min fjerde kommentar går på at langtidsplanen prioriterer forbetring og effektivisering av offentlig sektor, i tillegg til at dei store samfunnsutfordringane vert adressert. Mellom anna når det gjeld arbeidsevne og alder. Vi veit at helseplager og behandling av desse er ein av dei store kostnadene for samfunnet. Samtidig veit vi at førebygging gjennom for eksempel trening og kosthold kan redusere desse kostnadene vesentleg. Vi foreslår derfor å inkludere forsking på førebyggande og helsefremmande helse for å møte framtidige folkehelseutfordringar.

Oppsummert er våre innspel at langstidsplanen bør ha med innovasjon i namnet, samt ta inn eit meir utvida innovasjonsbegrep. Den bør inkludere det viktige kunnskapsområdet kunst og kultur, og vere tydelegare på impact gjennom utdanning, samt inkludere førebyggande og helsefremmande helse.